INTIN har nøkkelrolle i storkontrakt med Forsvarsbygg

Smarthusleverandøren INTIN i Førde har sett saman ei leverandørgruppe, som består av Mediebruket, Låssenteret, Danalock og El-Proffen. Desse vann før sommaren ein omfattande kontrakt med Forsvarsbygg, og skal levere eit system som gjer at Forsvarsbygg ikkje lenger treng å dele ut fysiske nøklar til dei som skal overnatte i bygga deira.

For Forsvarsbygg har, som ein av dei første store eigedomsforvaltarane i Norge, bestemt seg for å automatisere nøkkelhandtering på tusenvis av bustader og hyblar, og spare pengar på administrasjon. Den omfattende kontrakten ble vunnen av leverandørgruppa med fem selskap som har spesialisert seg på kvar sitt fagfelt:

– Kontrakten med Forsvarsbygg er for omfattande til at eit av desse selskapa kunne ha greidd den aleine. Men ved å samarbeide i ei leverandørgruppe som dette blir vi store og sterke nok til å kunne konkurrere med dei største leverandørane i marknaden, seier dagleg leiar Rune Viken i INTIN.

– Vi hadde fleire forhandlingsrundar med Forsvarsbygg, og det er ekstra gledeleg at vår løysing scorar høgast på kvalitet både når det gjeld låsane og tenesteleveransen.

SIGNERTE STOR AVTALE: Desse skal gjere utdeling av fysiske nøklar overflødig på Forsvarsbygg sine mange tusen overnattingsplassar. F.v.: Terje Sørbø fra Mediebruket, John-Einar Jakobsen frå Forsvarsbygg (på Skype i bakgrunnen), Rune Viken fra INTIN, og frå Forsvarsbygg: Cecilie Jentoft, Lisbeth Engebregtsen og Stein Sætersdal. Fotograf var Hanne Thomassen frå Forsvarsbygg, og ho kan skimtast til høgre på skjermen i bakgrunnen.

Når låssystemet er ferdig oppgradert kan nøklane tildelast digitalt til mobiltelefonen til brukaren. Eit tidkrevjande og logistikkmessig utfordrande arbeid blir dermed mykje enklare.

INTIN koordinerer heile leveransen med installasjon og drift av elektroniske låsar til Forsvarsbygg sine overnattingsplassar, medan Mediebruket si rolle er å vere bindelekk mellom Forsvarsbygg og leverandørgruppa, og å gje teknisk support i samband med drift av løysinga som til dømes fjerntildeling av digitale nøklar.

– Kva rammeavtalen med Forsvarsbygg vil bety i kroner og øre for kvart selskap, er uråd å berekne, seier Viken.
– Det kjem an på kor mange låsar som skal bytast ut i første runde, og kor fort det skal skje. Men at dette uansett er den største kontrakten som INTIN og Mediebruket nokonsinne har inngått med ein kunde er det ingen tvil om. Rammeavtalen er av Forsvarsbygg, i følgje kunngjeringa av kontrakten på Doffin.no, berekna å ha ein verdi på inntil 30 millionar kroner fordelt på tre år.

Førdeselskapa INTIN og Mediebruket er blant teknologiverksemdene som flyttar saman i kontorfellesskapet PEAK Sunnfjord i Sentrum Sør i Førde utpå seinhausten. Dei to selskapa har frå før samarbeid om system for å kontrollere parkering.

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg er ein av dei største eigedomsforvaltarane i Norge. Dei utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.
Leverandørgruppa sit med kompetanse på både lås, integrasjon mot IT-system, og service og vedlikehald. I tillegg er dei lokaliserte i alle fylka i landet. Leverandørgruppa som skal levere elektroniske låsar til Forsvarsbygg er:

  • INTIN – forhandlar og systemintegrator av ny smarthusteknologi.
  • Mediebruket – spesialistar på utvikling og drift av alt frå enkle nettsider til omfattande og avanserte internettbaserte applikasjonar.
  • Låssenteret – totalleverandør innan sikring av eigedommar.
  • El-Proffen – Norges største elektrikarkjede med 180 medlemmar over hele landet.
  • Danalock International – global leverandør som lleverer ein komplett portefølje av e-lås og tilbehør, og samarbeider tett med Salto Systems S.L.

/ 29. august 2018