Smart straumstyring for lågare straumutgifter

-Du treng ikkje tenkje på forbruket 

Vi har alle vore der. Straumen er dyr, og vi veit ikkje heilt om det er smart å setje på vaskemaskina, om lyset kan stå på, eller når det løner seg å lade elbilen. 

Ved å bruke ulike appar for ulike tenester i bustaden kan ein sjølv halde styr på svingingar, men hadde det ikkje vore deilig om alt var samla ein stad og gjekk på automatikk? 

Kva brukar vi i Norge mest straum på? 

Vi brukar mest straum på å gløyme å justere ned eller skru av. Heile 60 % av straumutgiftene i norske heimar går til oppvarming. Deretter går rundt 15 % til varmtvatn. 15 % går til andre elektriske produkt, og dei siste 10 % går til belysning. 

 

Utfordringa kjem når alt blir brukt samstundes 

Morgonen og ettermiddagen er typiske tider med høgt forbruk i Noreg. Når mange brukar mykje straum på same tid, må straumnettet byggjast ut, noko som er veldig kostbart. 

Nettleige og energiledd (energiledd vert òg kalla effektledd) 

For å gje eit insentiv til at alle hushald ikkje skal bruke straum samstundes og dermed belaste straumnettet mykje, består norske straumprisar av ein del som er nettleige og ein del kalla energiledd eller effektledd. 

  • På nettleiga kan du spare ved å ikkje bruke for mykje straum innanfor same time. 
  • På energileddet løner det seg å bruke straum når etterspurnaden er låg. 

Smart straumstyring i praksis 

Smart straumstyring handlar om å optimalisere forbruket ditt ved å unngå høge forbrukstoppar og styre forbruk unna dyre timar, utan at du treng å følgje med heile tida. 

Med smart straumstyring kan du setje ei grense for kor mykje straum du vil bruke per time. Når forbruket nærmar seg denne maksverdien, vil systemet kunne varsle og automatisk redusere forbruket ved til dømes å skru ned ladehastigheita på bilen eller andre straumkjelder. 

 

Korleis sparar eg på oppvarming av bustaden – må det vere iskaldt? 

Det enkle svaret er nei. Med smart straumstyring kan ein setje ein komforttemperatur i bustaden og heller la automatikken redusere anna forbruk når straumen er dyr. 

Ein kan òg setje automatikk på å senke temperaturen i heile eller delar av bustaden om natta når ein søv, eller på dagtid når ein er vekke på arbeid. 

Det er òg verdt å merke seg at om ein senkar temperaturen med éin grad, så merkar ein det knapt på kroppen, men kan sjå det tydeleg i lommeboka. Å ha ein godt isolert bustad vil hjelpe ytterlegare på å halde på varmeenergien ein genererer. 

 

Smart balansering av varme 

Om du ikkje ønskjer at temperaturen i bustaden skal variere så mykje, kan du aktivere smart balansering av varme. Om du ønskjer å halde bustaden på ein komforttemperatur rundt 22 grader, vil systemet balansere temperaturen med ein variasjon på ±1 grad, alt etter når straumen er dyr og ikkje. 

Er straumprisen høg, justerer systemet temperaturen ned ein grad, og når straumprisen er lågare igjen, blir rommet varma opp. 

 

Verdien av å samle alt i eitt system 

I dag har både lysprodukt, varmeprodukt og andre elektriske apparat som TV og lydanlegg eigne appar. Det krev at ein held oversikt, og ofte finst det uutnytta potensial i straumsparing som ein ikkje tek i bruk når alt er separat. 

Ved å samle alt i eitt system, til dømes Homey, vil du kunne ha oversikt over alt som krev straum i bustaden din, og du vil kunne lage automatiske prosessar for å styre forbruket. Om du på automatikk vil skru av enkelte lys på kvelden, køyre robotstøvsugaren i kjellaren, samt senke temperaturen før du legg deg – så let det seg gjere. 

 

Korleis kjem eg i gang? 

For å kome i gang med smart straumstyring, kan du vurdere å investere i ein smarthub som Homey Pro, som lar deg samle og kontrollere ulike smarte einingar i heimen. 

Ta kontakt med oss i Intin, så hjelper vi deg i gang! 

Om Intin

Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.

Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no

Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600

Fleire saker

Fleire saker

Hafstadvegen 23
6800 Førde

   

Hafstadvegen 23 | 6800 Førde

post@intin.no | 965 04 600