Homey Pro – Elektrikerens beste verktøy for smarthus

Smarthus er ikke lenger bare for teknologientusiaster – det har blitt en forventning blant stadig flere kunder. Som elektriker har du en unik mulighet til å tilby en kraftfull, fleksibel og fremtidsrettet løsning: Homey Pro. 

Med Homey Pro som navet i boligen kan du gi kundene full kontroll over lys, varme, sikkerhet og komfortsamtidig som du forenkler installasjonen og reduserer behovet for mange separate systemer. 

 

 

Kvifor velje Homey Pro som elektrikar?


Éin hub – alle protokollar

Homey Pro støttar Z-Wave, Zigbee, Wi-Fi, Bluetooth, infrarød, 433 MHz og Matter. Det betyr at du kan bygge vidare på både eksisterande og ny infrastruktur utan å vere låst til éin leverandør. Perfekt for både nye installasjonar og oppgraderingar.

 

 

Alt i éi app – enklare for kunden

Med Homey får kunden full kontroll over heile smarthuset sitt via éi app – uansett kvar dei er. Homey samlar ikkje berre straum og lys, men òg dei einingane kunden har med smart teknologi, som til dømes solceller, lyd, robotgrasklippar og robotstøvsugar. For deg som installatør betyr det færre feilkjelder og mindre behov for opplæring.

Tryggleik og lokal drift

Homey Pro køyrer lokalt, utan å vere avhengig av skykopling. Det gir rask respons, høgare datasikkerheit og mindre sårbarheit ved internettutfall – noko kundane set stor pris på.

Kraftig automasjon – utan koding

Homey sin “Flow”-funksjon lèt deg lage avanserte automatiseringar visuelt. Du kan setje opp alt frå enkel tidsstyring til komplekse scenario med sensorar, dørlåsar, lys og varme. Om ein ikkje ønskjer å bruke tid på å sette seg inn i programmering, kan Intin bistå med tenesta “klar til bruk”. Vi konfigurerer heile løysinga på førehand og tek oss av både opplæring og support til sluttkunden etter installasjon. Du installerer – vi tek oss av resten.


Kva kan du tilby kundane dine med Homey Pro?

  • Varsling ved brann og røyk

  • Styring av lys, varme og inneklima

  • Digital dørlås med fjernstyrt tilgang for naboar eller vaktmeistrar

  • Tidsstyring og scenario som gir komfort og energisparing

  • Overvaking og varsling ved rørsle utanfor huset

  • Smarte varsel direkte til mobiltelefonen


Moderne bustader krev moderne løysingar

Homey Pro gjer det enkelt for deg som elektrikar å tilby eit smarthuskonsept som er skalerbart, fleksibelt og lett å bruke. Du treng ikkje spesialkompetanse på IT – og du slepp å forholde deg til mange ulike proprietære system. Alt går gjennom éin sentral hub og éi app.

Dette betyr:

  • Færre supportførespurnader

  • Betre kundeoppleving

  • Større moglegheit for mersal og serviceavtalar


Perfekt for både nybygg og ettermontering

Homey Pro passar like godt i nye installasjonar som i eksisterande bustader. Du kan bruke komponentar kunden allereie har – og supplere med nytt utstyr der det trengst. Huben fungerer med over 50 000 produkt frå tusenvis av merke.


Oppsummering – difor bør du bruke Homey Pro i dine prosjekt

  • Full støtte for fleire protokollar (Zigbee, Z-Wave, Wi-Fi, Matter m.m.)

  • Lokal drift utan skyavhengnad

  • Brukarvennleg for både deg og kunden

  • Støttar alt frå lys og varme til dørlåsar, kamera og alarmsystem

  • Skaper nye moglegheiter for mersal og verdiøkande tenester


Vil du vite meir eller få hjelp til å komme i gang med Homey Pro?
Ta kontakt med oss i Intin – vi hjelper deg med produkt, opplæring og støtte slik at du kan levere moderne smarthusløysingar med tryggleik.

Om Intin

Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.

Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no

Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600

Fleire saker

Fleire saker

Hafstadvegen 23
6800 Førde

   

Hafstadvegen 23 | 6800 Førde

post@intin.no | 965 04 600