Smartheimen til praktikaren og estetikaren

Då Kristoffer og Stine tok over huset til besteforeldra hans i 2020, visste dei at her skulle det skje store endringar. Huset frå 1957 hadde mykje sjel – og mykje potensial. Kristoffer var klokkeklar: Dette huset skal bli smart. 

Eit hus med to ambisjonar 

Stine er estetikaren. Ho elskar design, interiør og den rette stemninga i kvart rom. Kristoffer? Han er praktikaren. Alltid på jakt etter nye måtar å optimalisere kvardagen på – gjerne med litt teknologisk finesse og smarte løysingar. 

– Eg likar å pirke og finjustere på alt, seier Kristoffer og smiler. 

Og smart skulle det bli. Første prosjekt? Heimekinoen, naturlegvis. 

– Det var viktig å få på plass skikkeleg kinooppleving – og det måtte sjølvsagt vere heilt automatisert. Når vi startar ein film, slår lyset seg av, rullegardinene går ned, og forsterkarane vaknar til liv. Pausar vi filmen, kjem lyset automatisk på igjen, forklarar han. 

Heile huset i flyt – med Homey 

I kjernen av smarthuset står Homey. Med denne smarthubben har dei klart å samle styringa av det meste – både det gamle og det nye.  

– Vi brukar Homey til alt, fortel Kristoffer. – Den kontrollerer varme, lys, musikk, plenklippar, elbillading, dørar og mykje meir. 

– Homey gjev oss ikkje berre komfort, men også tryggleik. Skulle temperaturen i spaet falle unormalt, får vi beskjed med ein gong, fortel Kristoffer. 

Elbilladinga er òg smart: Homey lader automatisk når straumprisane er låge, og tek omsyn til straumbelastninga i huset. 

– Vi har spart ein del på dette. Og det går heilt av seg sjølv, seier Kristoffer. 

Fleksibilitet og stemning i eitt 

Stine er spesielt glad i moglegheitene Homey gir for å styre lys og skape ulike stemningar: 

– Eg er ingen lysdesigner, men eg elskar å designe stemningar i heimen, seier Stine. Med Homey sin funksjon for “moods” har ho skapt ulike scener for kvart rom og kvar anledning: kveldsstemning, TV-modus, arbeidslys, middagsstemning, nattlys og mykje meir. 

– På kjøkkenet har dei fire ulike lyssoner: LED-stripe over høgskåp, spottar over øya, eige lys i frukostkroken og ei taklampe over bordet. – Når vi lagar mat treng vi godt arbeidslys, men det vil vi ikkje ha når vi skal setje oss ned og ete. Då er det berre å trykke på “spise”-modusen, og stemninga skiftar på sekundet. 

Det har vore enkelte diskusjonar, medgir ho. 

– Kristoffer hatar lampa i TV-stova fordi ho gir gjenskinn i TV’en. Heldigvis har vi ein TV-modus som slår ho av automatisk. Så no er alle fornøgde. 

Automatiske dørlåsar og nøkkelfri kvardag 

Ei av funksjonane dei set aller mest pris på, er «Velkommen heim» og «Forlat hus»-funksjonen: 

– Vi har fått eit liv utan behov for husnøkkel. Ytterdøra låser seg når vi beveger oss utanfor eit gitt område, og låser seg opp igjen når vi kjem tilbake. Gleda over å sleppe å setje frå seg 14 bæreposar for å låse opp døra når regnet driv sidelengs er ein høydare i kvardagen, smiler Kristoffer.  

Enkel ettermontering – også i eldre hus 

Sidan huset er frå 50-talet, har dei gjort tilpassingar for å få alt til å fungere: 

– Mange smarte brytarar er laga for å felles inn i veggen, og det er ikkje ideelt i eit hus med tømmerveggar og utanpåliggande installasjonar. Vi har derfor brukt smarte lyspærer i staden – det kostar litt meir, men gir òg mykje meir fleksibilitet, seier Kristoffer, når vi no pussar opp romma er smart alltid i tankane, det er heilt naturleg. 

Draumen deira er å kunne leve utan å måtte bruke verken lysbrytar eller app: 

– I hovudetasjen fungerer alt nesten utan at vi treng gjere noko. Lys, varme, musikk – alt går automatisk. Homey tilpassar seg etter kven som er heime, kva tid på døgnet det er, og kva som skjer i romma, forklarar Kristoffer. 

I kjellaren står varmepumpa og jobbar smart. På kveldstid senkar temperaturen seg til 20 grader, og frå måndag til fredag skrur den seg ikkje opp igjen før klokka fire. I helgene ligg styringa litt annleis. Alt skjer automatisk, utan at dei treng å tenkje på det. 

– Det er enkelt å bruke for alle i husstanden, og det gir både friheit og ro i kvardagen, avsluttar Stine. 

Om Intin

Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.

Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no

Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600

Fleire saker

Fleire saker

Hafstadvegen 23
6800 Førde

   

Hafstadvegen 23 | 6800 Førde

post@intin.no | 965 04 600