https://www.intin.no/wp-content/uploads/2025/10/helgevoldsertifiserteelektrikere-scaled.png
2506
2560
Rikke Vidde Westvig
https://www.intin.no/wp-content/uploads/2019/12/intinlogopositivv2.svg
Rikke Vidde Westvig2025-10-21 10:05:112025-10-21 11:16:52Helgevold Elektro AS – eit spennande samarbeid no og i framtidaIntin etablerer seg i Sverige!
Intin AS tek eit nytt steg i si vekstreise og etablerer seg no i Sverige gjennom det nye selskapet Intin AB. Satsinga markerer ei viktig utviding for Intin, som frå før er ein spesialisert leverandør og rådgiver innan smarthus og tekniske løysingar.
– Med sterk teknisk kompetanse, solide leverandørrelasjonar og eit aukande tal kundar utanfor Noreg, er det naturleg for oss å etablere ein fast struktur i Sverige, seier Rune Viken i Intin.
Som del av etableringa har selskapet tilsett Tor Åström som ny sjef for den svenske verksemda. Han får ansvaret for distribusjon og vidare oppbygging av Intin AB.
– Tor kjenner både marknaden og bransjen godt, og han vil vere ein nøkkelperson for å sikre at vi leverer den same kvaliteten og verdien til svenske partnarar som vi gjer i Noreg, seier Viken.
Lanseringa blir følgd opp med ein eigen svensk nettstad: intin.se, medan den norske marknaden framleis vil finne oppdatert informasjon på intin.no.
Med dette grepet styrkjer Intin si rolle som nordisk aktør innan smarthus og innovative teknologiløysingar – og ser fram til å samarbeide med nye kundar og leverandørar på tvers av landegrensene.
Om Intin
Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.
Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no
Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600



