To nye tilsette i Intin.

Nye satsingar og lagspelarar i Intin

Det skjer mykje spennande i Intin for tida. Som spesialisert distributør innan smarthus er vi alltid på jakt etter å styrke laget vårt og levere endå meir verdi til kundar og partnarar. I løpet av hausten har vi teke fleire viktige steg framover – både gjennom utviding til Sverige og Norden, og med tilsetjing av nye nøkkelpersonar i organisasjonen.

Velkommen til Camilla og Johan!

  • Camilla Rouen er vår nye Salssjef. Ho kjem inn med solid erfaring innan sal og leiing, og vil vere ein sentral drivkraft i å utvikle nye marknadsmoglegheiter og styrke relasjonane våre med partnarar.

  • Johan Flo går inn i rolla som Kundeansvarleg Smarthus. Johan har brei erfaring og ein sterk entusiasme for teknologi, og vil jobbe tett på kundane våre for å sikre gode løysingar, rådgiving og oppfølging.

Jeg føler meg utrolig heldig som får bli en del av Intin! Jeg gleder meg til å samarbeide med dyktige kollegaer og bidra til å skape verdi for Intin, kunder og våre samarbeidspartnere.

– Camilla Rouen, salssjef

Camilla Rouen
Johan Flo

Eg er stolt over å bli ein del av Intin. Eg ser fram til å byggje gode relasjonar med partnarane våre og bidra til å drive smarthusbransjen framover saman.

– Johan Flo, KAM

Styrka posisjon

Med Camilla og Johan på laget, og med Tor i spissen for satsinga i Sverige, står Intin godt rusta for å møte framtida. Vi ser eit stadig større behov for fleksible, innovative og brukarvennlege smarthusløysingar – og vi er klare til å levere.

“Vi er stolte av å kunne samle så mykje kompetanse og erfaring i organisasjonen. Dette gir oss eit endå sterkare fundament til å vere den føretrekte partnaren for elektrikarar, leverandørar og kundar – både i Noreg og Norden,” seier fungerande dagleg leiar i Intin, Rune Viken.

Klare til bruk

Intin har alltid hatt som mål å vere ein uavhengig og framtidsretta distributør av smarthusløysingar. Med nye satsingar og nye lagspelarar held vi fram med å bygge vidare på denne posisjonen.

Intin – klar til bruk!

Om Intin

Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.

Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no

Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600

Fleire saker

Fleire saker

Hafstadvegen 23
6800 Førde

   

Hafstadvegen 23 | 6800 Førde

post@intin.no | 965 04 600