Intin og Helgevold: Gjer smarthus enkelt – «klart til bruk»

Helgevold Elektro og Intin AS har inngått eit samarbeid som skal gjere smarte styringssystem for hytter og bustader både enklare og meir tilgjengeleg. Med løysinga Klar til bruk får sluttkundane ferdig konfigurerte system, installert og støtta frå dag éin – slik at opplevinga blir sømlaus og forståeleg for alle.


Frå prosjektering til ferdig installasjon

Tidlegare har smarthus-løysingar ofte vore fragmenterte og krevjande for både entreprenørar og sluttkundar. Med Helgevold og Intin på laget blir prosessen mykje enklare:

· Ferdig konfigurerte komponentar, klare til bruk ved montering

· Enkel installasjon med tydelege instruksjonar

· Opplæring og support frå Intin til sluttkundane i etterkant

Helgevold bidreg med installasjon og lokal oppfølging, medan Intin leverer system og teknisk kompetanse.

Støtte frå Enova

Ei av dei store fordelane med samarbeidet er at løysinga oppfyller krava til Enova-støtte for smart straumstyring. Dette kan gje kundane inntil 10.000 kroner i støtte, eller 25 % av kostnadane knytt til utstyr og installasjon.

Pakker som dekker ulike behov

Intin og Helgevold gjer og valg av system enkelt. Kundane kan velje mellom fleire pakkeløysingar – frå grunnpakke for energistyring, til utvida variantar med varmtvassberedar-styring og elbilladar. Felles for alle pakkene er at dei blir levert ferdig konfigurert, med opplæring og brukarstøtte inkludert.

Helgevold blir første Homey-sertifiserte selskap I Norge

Intin er den einaste proffpartnaren til smarthuben Homey i Norge og gjennom samarbeidet blir Helgevold det første nasjonale Homey-sertifiserte selskapet. Dette gjev både tryggleik, fleksibilitet og eit solid fundament for kunnskap rundt gode løysingar. Med Homey som nav i boligen får sluttbrukar støtte for over 50.000 produkt, oversikt over energibruk, kan følge med på om noko i huset avviker frå normalen.

Samarbeid som løftar bransjen

Saman med Helgevold ønsker vi å gjere prosjektering og installasjon av smarte styringssystem vesentlig enklare både for entreprenør, installatør og sluttbrukar. Vi er tett på i heile prosessen og speler hverandre gode fra prosjektering til systemet settast i bruk , seier Rune Viken, dagleg leiar i Intin

Med samarbeidet mellom Helgevold og Intin får både hytte- og huseigarar ei trygg, framtidsretta og brukarvennleg løysing – klart til bruk frå første dag.

Om Intin

Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.

Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no

Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600

Fleire saker

Fleire saker

Hafstadvegen 23
6800 Førde

   

Hafstadvegen 23 | 6800 Førde

post@intin.no | 965 04 600