Homey sertifiseringa er i gang

11.september starta vi Homey-sertifiseringa for installatørar – og interessa let ikkje vente på seg. Webinaret vart fullbooka på kort tid, og vi har allereie sett opp nye kurs for dei som ikkje rakk å melde seg på denne gongen.

Gjennom sertifiseringsprogrammet får deltakarane ei grundig innføring i korleis Homey-systemet kan integrerast, konfigurerast og driftast på ein effektiv måte. Etter fullført kurs får alle deltakarane tilsendt ei invitasjon til å ta sertifiseringstesten – eit digitalt prøvesett med 25 fleirvalsspørsmål som skal svarast på i løpet av 20 minutt. For å bestå krevst minst 80 % rette svar.

Når både kurset og testen er gjennomførte, vil installasjonsbedrifta få fleire klare fordelar:

  • Tilgang til Homey for Installers, ei eiga løysing for flåtestyring

  • Rett til å bruke det offisielle merket Homey Certified Installer

  • Betre prisar på Homey-produkt

  • Direkte teknisk støtte frå distributørar og Athom

  • Løyve til å nytte den offisielle Homey Certified Installer-badgen i eigen marknadsføring

Sertifiseringa er dermed ikkje berre eit kvalitetsstempel, men òg ein måte å styrkje kompetansen, konkurransekrafta og samarbeidet i Homey-nettverket på.

Ved å bli Homey-sertifisert elektrikar viser du at du er ein moderne fagperson som forstår kundens behov og tilpassar deg ein smartare og meir framtidsretta marknad.
Som sertifisert elektrikar legg du til rette for meir fornøgde kundar – som igjen kan gi auka sal.

Med Homey sertifisering løftar vi installatørane til neste nivå – med kunnskap, sertifisering og eit fellesskap som skaper verdi for kundane.

– Rune Viken, dagleg leiar

Om Intin

Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.

Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no

Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600

Fleire saker

Fleire saker

Hafstadvegen 23
6800 Førde

   

Hafstadvegen 23 | 6800 Førde

post@intin.no | 965 04 600