Stine Bortheim er ny dagleg leiar i Intin

Med inngangen til det nye året får Intin ny dagleg leiar. Stine Bortheim tek over rolla etter å ha vore ein del av selskapet sidan 2020, og kjem frå stillinga som marknads- og kommunikasjonssjef.

– Det er utruleg kjekt å bli vist slik tillit. Intin er ei veldig spennande bedrift, med høg kompetanse og mange dyktige folk. Eg gler meg til å ta fatt på rolla som dagleg leiar og vere med å utvikle selskapet vidare, seier Stine.

Frå marknad til leiing

Stine starta i Intin i 2020 og har sidan hatt ansvar for marknadsføring og kommunikasjon. Ho har vore tett på både fagmiljøet, partnarane og marknaden, og kjenner selskapet godt frå innsida. No tek ho steget vidare frå marknad til leiing av heile selskapet.

– Vi skal ta ein endå tydelegare posisjon i marknaden framover og byggje vidare på det solide fundamentet som allereie er lagt. Intin har eit stort potensial, og eg ser fram til å jobbe tett saman med teamet for å realisere dette, seier ho.

Styreleiar Hugo Mølmesdal er svært nøgd med valet av ny dagleg leiar:

– Selskapet har behov for å strukturere strategien vidare og få ein endå tydelegare profil i marknaden. Vi er svært glade for å få Stine som ny leiar. Ho kjenner smarthusdomenet godt og har bakgrunn som marknadssjef, noko som gir eit svært godt utgangspunkt for vidare utvikling av selskapet.

Med Stine Bortheim som dagleg leiar går Intin inn i 2026 med eit endå sterkare fundament til å vere den føretrekte partnaren for elektrikarar, leverandørar og kundar – både i Noreg og Norden.

Om Intin

Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.

Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no

Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600

Fleire saker

Fleire saker

Hafstadvegen 23
6800 Førde

   

Hafstadvegen 23 | 6800 Førde

post@intin.no | 965 04 600